Feiret kulturminneprisens Oscar

Publisert 16.08.2015

Den mest prestisjefylte prisen i Europa innanfor kulturminnefeltet blei feira på Eidsvoll i dag.

Statsbygg tok den 11. juni imot EUs gjeve kulturminnepris, Europa Nostra Awards, for restaureringa av Eidsvollsbygningen. Søndag 16. august var det tid for å bringe prisen heim til Eidsvoll.

– Eidsvollsbygningen er ein nasjonalskatt, og det er ei fantastisk ære å få denne prisen frå EU. I dag er vi ekstra stolte over samarbeidet mellom Statsbygg, Riksantikvaren og Eidsvoll 1814, seier Lasse Kwetzinsky, som var Statsbyggs prosjektleiar for restaureringa.

EU-ambassadør og leiar av Den europeiske union sin delegasjon til Noreg, Helen Campbell, tok turen til Eidsvoll for å feire «kulturminneprisens Oscar» saman med Statsbygg og foreininga Eidsvoll 1814. På programmet stod avduking av plakett frå Europa Nostra og faglege foredrag med omvising.

– Eg vil gi stor honnør til alle som har vore med på dette arbeidet. Utan innsatsen deira ville det ikkje gått! Eidsvollsbygningen blei i si tid bygd med teknikkar som ikkje er i bruk i dag. Under restaureringa måtte slike teknikkar finnast opp «på nytt», seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg.

Til stades under avdukinga var mellom andre fylkesvaraordføraren i Akershus, Lars Salvesen; EU-ambassadør og leiar av Den europeiske union sin delegasjon til Noreg, Helen Campbell; leiar av Eidsvoll 1814, Erik Jondell; byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg; styreleiar Erik Schultz, Europa Nostra Norge og ordføraren i Eidsvoll, Einar Madsen.

×