Halverer straumrekninga med fjellvarme

Publisert 16.10.2015

Fleire millionar liter olje har gått med til å varme opp Huseby kompetansesenter i Oslo. No blir kranane skrudde igjen og erstatta med miljøvennleg varme frå fjellet.

Huseby er med i den mest omfattande utskiftinga av miljøskadeleg oljefyring i Noreg nokosinne. I alt skal 26 slike anlegg i statlege bygg på skraphaugen. Storoppryddinga starta i fjor, og målet i år er å skru igjen oljekranar i 16 bygg før fyringssesongen startar.

Ut med olja

– Oljekjelane skal ut av alle statlege bygg. Dette må til for at Noreg skal klare målet om å bli eit lågutsleppssamfunn, seier eigedomsdirektør Frode Meinich i Statsbygg.

Eit av dei mest oljetørste statlege anlegga er plassert i kjellaren på Huseby kompetansesenter, som er på heile 10.500 kvadratmeter. Det har i snitt gått med 109.000 liter olje i året for å varme opp bygningane. Med dagens pris er den årlege oljerekninga på over ein million kroner.

Gratis varme frå fjellet

No skal både straumrekninga og klimabelastninga ved Huseby ned. Fossilt brensel blir erstatta med klimavennleg fjellvarme frå 30 energibrønnar som går eit par hundre meter ned i bakken. Om sommaren kan systemet køyrast i revers og kjøle ned bygningane når sola varmar for mykje.

Den naturlege fjellvarmen er gratis og kjem til å dekkje nesten halve behovet kompetansesenteret har. Resten blir teke frå elektrisk kraft via straumnettet. Alt i alt blir kostnadene til energi meir enn halvert på Huseby. Prosjektet, som blir avslutta om kort tid, vil koste vel åtte millionar kroner.

Store klimakutt

– Vi skal kutte klimagassutsleppa frå Statsbyggs eigedommar med minst 15 prosent, mellom anna ved å gå over til klimavennleg energi. Målet er at eigedommane til Statsbygg skal vere klimanøytrale innan 2030, seier Meinich.

Kontakt

×