Heidrande omtale til Høgskolen i Bergen

Publisert 18.06.2015

Høgskolen i Bergen held fram med å få heider og ære på prisutdelingar. Statsbygg har fått heidrande omtale for prosjektet av Statens byggeskikkpris.

– Kombinasjonen av eldre og nye bygg gir eit spennande, svært funksjonelt anlegg, meiner juryen. – Det store bygningsanlegget har på ein naturleg måte funne plassen sin i byen. Disponering av areal og bruk av atrium har skapt gode samanhengar og visuell kommunikasjon mellom funksjonar i bygget, ifølgje juryen.

Høgskolen i Bergen var eitt av seks nominerte bygg til Statens byggeskikkpris 2015. Alt i alt var det 76 påmelde bygg.

– Heidrande omtale frå Statens byggeskikkpris har mykje å seie for oss, så dette er vi stolte av, seier administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.

Høgskolen har utmerkt seg på mange vis og har mellom anna fått Bergen kommune sin arkitektur- og byformingspris og innovasjonsprisen for universell utforming. Bygget stod ferdig i 2014.

Vinnarane av byggeskikkprisen var Stormen kulturhus i Bodø og bustadprosjektet Torshovdalen.

×