Høgskole kan få pris

Publisert 18.03.2015

Høgskolen i Bergen er nominert til Statens byggeskikkpris 2015. Statsbyggprosjektet har allereie vunne to prisar. 

Høgskolen i Bergen vekkjer oppsikt og har frå før fått Bergen kommunes Arkitektur- og byformingspris og Innovasjonsprisen for universell utforming.

Statsbygg var byggherre for prosjektet på heile 51.000 kvadratmeter, som blei avslutta i fjor haust. Då flytta studentane inn på det som er ein av dei mest moderne, fleksible og funksjonelle campusane i Noreg.

No er altså Høgskolen nominert til Statens byggeskikkpris for 2015. I alt 76 bygg er melde inn, og seks av dei er nominerte av juryen til den gjeve prisen. Høgskolen i Bergen konkurrerer med Stormen teater, konserthus og bibliotek i Bodø, Rabothytta på Okstindan i Hemnes, Rindal skimuseum, Kongens gate 1 i Oslo og Torshovdalen boligområde i Oslo.

Ifølgje juryen må bygga som går vidare, vere mønsterverdige, ha god arkitektonisk utforming og samtidig oppfylle kvalitetar innanfor miljø, energi og universell utforming.

Prisen blir delt ut i Oslo 16. juni.

×