Hòlet etter S-blokka

Publisert 06.03.2015

S-blokka i regjeringskvartalet er borte. Berre eit stort hòl står tilbake. No startar grunnarbeid for mellom anna å leggje ny teknisk infrastruktur.

Statsbygg starta rivinga av S-blokka i oktober, og arbeidet er no ferdigstilt. S-blokka hadde åtte etasjar over og to under bakken.

– Alt er fjerna og transportert vekk. Vi har òg rive Grubbegatas bru over Hospitalsgata, fjerna heile Einar Gerhardsens plass og teke bort all lausmasse ned til fjell, seier prosjektsjef Anders Wethal.

Prosjektkostnaden er 45 millionar kroner.

– Hòlet etter S-blokka skal bli enda større. Vi skal ned ytterlegare 20 meter. 100 000 m3 bergmassar vil bli sprengde bort og køyrde vekk. Dette er grunnarbeid for eit kommande nytt regjeringskvartal. Vi kjem til å jobbe med det fram til våren/sommaren 2016, avsluttar Wethal.

Kontakpersonar

×