Innovasjonspris for universell utforming

Publisert 19.02.2015

Statsbygg var byggherre for Høgskolen i Bergen, som i går fekk Innovasjonsprisen for universell utforming 2014 i kategorien møbel og interiør. Byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg tok imot prisen for Statsbygg.

Innovasjonsprisen for universell utforming heidrar verksemder, designarar og arkitektar som på ein nyskapande måte har utvikla produkt, tenester og omgivnader som bidreg til eit meir inkluderande samfunn.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet koordinerer satsinga frå regjeringa og deler ut prisen på vegner av handlingsplanen for universell utforming. Norsk design- og arkitektursenter, DOGA, har oppgåva med å styre prosessen og deler ut prisen. Prisutdelinga i år var 18. februar.

Juryen seier mellom anna: «Høgskolen fremstår som et godt gjennomarbeidet foregangsprosjekt innen undervisningsbygg. Her er det ført en bevisst strategi for universell utforming, og det drives et kontinuerlig arbeid for å sikre oppfølging av dette.»

Kontaktpersonar

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
Sissel Nekså
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 91554364
Send e-post
×