Løysinga lå under parkeringsplassen

Publisert 02.12.2015

Då forureinande oljefyring skulle skiftast ut med klimavennleg oppvarming, blei løysninga funne under skolen sin parkeringsplass.

Statsbygg syrgjer for at Høgskolen i Molde får bærekraftig oppvarming denne vinteren. Ei ny varmepumpe er teken i bruk til fyringssesongen, og dekker no det meste av behovet for oppvarming for dei 2600 studentane og tilsatte.

Oljen ut

Då det blei bestemt at oljekranane skulle skruast igjen av omsyn til klima, var spørsmålet kva ein skulle erstatte det fossile brennstoffet med. Det viste seg at svaret var å finne rett under skolens parkeringsplass. I nokre månader måtte 200 bilar vike plassen medan 39 energibrønnar ned til 250 meters djup blei bora.

– Høgskolen løyste dette på ein god måte, og oppfordra tilsatte og studentar om å bruke annan og meir miljøvennleg transport medan dette sto på, seier Geir Gaupseth, driftsleiar i Statsbygg.

Grøn energi inn

Til gjengjeld har skolen no fått grøn energi når både varme- og kjølekapasitet kjem frå fjellgrunnen under parkeringsplassen.

– Etter berre kort tid i drift ser det ut til at den planlagde innsparinga på totalt 700.000 kWh pr år ved Høgskolen i Molde er inna rekkjevidde, seier driftsleiaren.

Den nye varmepumpa erstattar kjølemaskiner som nytta kuldemediet R22, som det no er forbode å bruke. Det nye anlegget brukar i staden ammoniakk, som er eit naturleg kuldemedium. 

Kutter klimagassar

Over heile landet demonterast gamle oljekjelar på høgskoler, barneheim, fengsel og andre statlege bygg. Statsbygg skal redusere klimagassutslepp i bygga sine med minst 15 prosent, blant anna ved å bytte ut oljefyring med varmepumpe, fjernvarme, bioolje eller elkjelar.

Totalt vil utskiftinga bety kutt av 2200 tonn CO2, noko som tilsvarar det 1128 biler slipp ut i løpet av eitt år.

×