Ny universitetsaula opnar i Bergen

Publisert 01.09.2015

Statsbygg har rehabilitert sørfløya ved Universitetsmuseet i Bergen. Ein aula som skal bli den nye festsalen på Vestlandet, opnar offisielt onsdag 2. september.

Aulaen har plass til om lag 400 personar og skal vere ein festsal for Universitetet i Bergen og heile Vestlandet. Han vil bli brukt til høgtidlege seremoniar, men kan òg leigast ut for konsertar og konferansar.

I tillegg til aulaen er ein ny kafé med tilhøyrande fasilitetar no på plass i sørfløya.

– Vi er stolte av å overlevere ein tidsriktig festsal for små og store anledningar på universitetet, samtidig som den restaurerte fløya reflekterer opphavet til bygget frå 1898, seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg.

Verneverdig bygg

Både sjølve museet og hageanlegget som omkrinsar bygget, er freda. Derfor må innovative løysingar til i det som er det eldste museumsbygget i landet:

– Her er det meste av tekniske anlegg skjulte på finurlege måtar. Frisk luft kjem inn gjennom luftkammer under golvet og spalter langs veggen, og avtrekk er kamuflerte i konstruksjonen i taket, fortel prosjektleiar i Statsbygg Geir Barton Torsæter.

Universell utforming

Det er utført fleire tiltak for å gjere bygget tilgjengeleg for alle, også dei med nedsett funksjonsevne. Nye heisar, elektriske dørpumper og gatevarme gjer dette freda bygget topp moderne.

Obas Vest AS har vore totalentreprenører for prosjektet, og b+b arkitekter AS har vore arkitekt.

Kontakt

Geir Barton Torsæter
Prosjektleder
Mob. 95 79 65 35
Send e-post
×