Nypussa ambassade i Helsingfors

Publisert 21.05.2015

Ambassadelokala skein om kapp med storfornøgd ambassadør, Jørg Willy Bronebakk, då Statsbygg fredag overrekte den nyoppussa bygningen til Utanriksdepartementet. Assisterande utanriksråd Christian Syse tok imot den symbolske nøkkelen frå avdelingsdirektør i Statsbygg Johanne Melø.

Også statssekretær Stenlund frå finsk UD og viseborgarmeister Sauri frå Helsingfors var mellom dei 40 gjestene som hadde møtt opp på opningsfesten som markerer gjeninnflyttinga etter over eitt år med ombyggingar.

– Vi som bur og arbeider her i den norske ambassadebygningen i Helsingfors, set stor pris på dei nyoppussa lokala våre, seier ambassadør Bronebakk. – Mest av alt synest vi det er flott at bygningen no er gjord tilgjengeleg for alle, og i tillegg set vi stor pris på dei nye fargane som lyser opp lokala.

Det finske arkitektkontoret ALA Architects har stått for oppgraderinga og ombygginga. I tillegg til mellom anna installasjon av heis, rampar og kontrastfargar som skal gjere det enklare for alle å ta seg inn og rundt i bygningen, har Statsbygg bytt ut radiatorar og ventilasjonsanlegg. Alle flater er måla i fargar som skal reflektere det nordiske lyset, og nye møblar er sette inn.

Byggjeprosjektet blei starta i februar 2014, og prislappen var på 29,7 millionar kroner.

Bygningen frå 1964 er teikna av Retzius & Bjoland Arkitekter.

Kontaktpersonar

×