Nytt i Murmansk

Publisert 16.01.2015

Statsbygg har restaurert det norske generalkonsulatet i Murmansk. Ferdigstillinga blir markert måndag 19. januar med deltaking frå mellom andre assisterande utanriksråd Christian Syse og administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg, i tillegg til verten sjølv, generalkonsul Ole Andreas Lindeman. Generalkonsulatet i Murmansk er ein av dei norske utanriksstasjonane som behandlar flest visumsøknader.

– Eit av dei viktigaste formåla med oppussinga er å vise fram eit gjenkjenneleg og moderne Noreg i Murmansk. Murmansk er den største byen i verda nord for polarsirkelen og den nærmaste russiske naboregionen til Noreg. Etter oppussinga trer den norske stilen tydeleg fram straks ein kjem inn i bygget. Vi viser norsk design, møblar og utsmykking samtidig som vi får vist korleis det ser ut på ein norsk arbeidsplass, og kva vi legg vekt på i det fysiske arbeidsmiljøet, seier generalkonsul Lindeman. – I tillegg styrkjer vi omdømmet til Noreg takka vere kvaliteten på oppussinga. Det er tydeleg at vi frå norsk side har lagt både ressursar og omtanke i prosjektet.

Administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen, er òg svært fornøgd med resultatet: – Her har vi fått til gode resultat på rekordtid, og som vanleg på utanlandseigedommane våre har vi brukt lokal arbeidskraft. Dette gir norsk nærvær ein meirverdi fordi vi òg skaper lokale arbeidsplassar.

Statsbygg har leigd bygningen av Murmansk fylke sidan 1996. Etter lang tids slitasje på grunn av stor aktivitet, har bygget no endeleg fått eit ansiktslyft – både utvendig og innvendig. Fasaden er nymåla, og innvendig er alle flater måla. Det er lagt nye golv og himlingar og sett inn nye moderne møblar. I tillegg er det gjort nokre mindre ombyggingsarbeid for å betre samhandlinga på konsulatet. På visumavdelinga er det installert avanserte apparat berekna for visum og grensebuarbevis, som òg lagar fotografi og tek opp biometri.

Sjølve byggjearbeida starta opp i juli 2014 og blei avslutta i november 2014. Storvik & Co AS har vore lokal prosjektleiar og byggjeleiar, mens Eurostyle fekk oppdraget som lokal entreprenør. Dei har gjort ein utmerkt jobb til forventa kvalitet innanfor tids- og kostnadsramma. ACK arkitekter har møblert etter intensjonen om å skape eit dynamisk og inspirerande miljø som samtidig skulle fungere som eit offisielt representasjonslokale, og det er russiske handverkarar som har utført jobben.

Pressen ønskes velkommen

Pressen er velkommen til å være til stede under åpningen av generalkonsulatet mandag 19. januar kl. 18-20.

Kontakt

×