Auka språk-krav for ein tryggare bransje

Publisert 20.05.2015

Ein tredjedel av dødsulykkene på norske arbeidsplassar rammar utanlandske arbeidarar. No går Statsbygg i bresjen for auka språkforståing i byggjebransjen: – Alle skal kunne føle seg trygge på jobb, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen.

I sommar innfører Statsbygg endå strengare tryggleiksreglar for byggjeplassane sine: elektronisk tilgangskontroll, synleg ID-kort heile tida, halvparten av arbeidarane skal vere faglærte, tryggleiksreglar skal vere tilgjengelege på alle relevante språk, og alle framandspråklege skal ha ein norsktalande kontaktperson.

Språk kan vere ei utfordring

Ein tredjedel av dødsulykkene på norske arbeidsplassar rammar utanlandske statsborgarar.

– Det er ikkje til å stikke under stol at språk kan vere ei utfordring for utanlandske arbeidstakarar, seier Nikolaisen. Sjølv har vi jobba hardt for å få ned skadetala og hadde ni personskadar med fråvær i 2014. Som offentleg byggherre ønskjer Statsbygg å vere ein rollemodell innanfor tryggleik, helse og arbeidsmiljø, THA (sikkerhet, helse og arbeidsmiljø, SHA).

Enkle reglar kan vere utslagsgivande

På byggjeplassen i Regjeringskvartalet har prosjektleiinga innført eit system der flagg er klistra på hjelmane, slik at alle heile tida har oversikt over kven dei kan vende seg til for omsetjing eller oppklaring. Prosjektleiar Kristine Wangen meiner klistremerka kan vere utslagsgivande for at tryggleiksreglane blir følgde.

– Vi opplever at dei arbeidarane som ikkje snakkar norsk, no føler seg tryggare når det gjeld gjeldande reglar på byggjeplassen, seier prosjektleiar Kristine Wangen. – Det å heile tida vite kven ein kan vende seg til for spørsmål, er ei lita endring som kan gjere stor forskjell for den det gjeld.

Dei nye THA-reglane trår i kraft frå i sommar og gjeld alle nye kontraktar mellom Statsbygg og entreprenørar og underentreprenørar.

×