Politiet og Statens vegvesen under same tak på Stord

Publisert 25.11.2015

Torsdag 26. november er det offisiell opning av nybygg for Politiet og Statens vegvesen på Stord. Bygget er Statsbygg sitt mest energieffektive nokon gong.

Statsbygg har bygd eit 3171 kvadratmeter stort felles kontorbygg for Statens vegvesen på Stord og Stord lensmannskontor.

Bygget skal huse 73 tilsette og kunne ta i mot 100 besøkande per dag. Det rommar mellom anna kontor, kantine, trimrom, garderobar, møterom, tekniske rom og ein del spesialfunksjonar for politiet. Bygningen er teikna av Link Arkitektur og JK Arkitektur.

Energieffektivt bygg

Bygget er det mest energieffektive Statsbygg har bygd nokon gong. Det har eit energibehov for levert energi på 48 kWh per kvadratmeter kontorareal, og kun 34 kWh per kvadratmeter for bygget totalt. Dette er ein tredel av det som er normalt for gode, nye kontorbygg.

Behovet for romoppvarming er berre 4,1 kWh per kvadratmeter i året. For heile bygget tilsvarar det varmen frå to vanlege panelovner.

Offisiell opning

Dato: Torsdag 26. november
Tid: Kl. 11
Stad: Vabakkjen 7
Omvising: Vi ber dei frå media som ønsker omvising om å ta kontakt på førehand 

Kontaktpersonar

Thomas Sannum
Prosjektleder
Mob. 406 03 608
Send e-post
×