Revidert: Nybygg i Tromsø og Trondheim

Publisert 12.05.2015

Utviding av Framsenteret i Tromsø og nybygg på Høgskolen i Sør-Trøndelag er blant nyheitene i revidert nasjonalbudsjett.

Regjeringa foreslår å setje i gang den planlagde utvidinga av Framsenteret i Tromsø. Det betyr 10 000 kvadratmeter med nye kontor, laboratorium og lager. Nybygget blir eit passivhus, som bruker lite energi til oppvarming samanlikna med vanlege bygg, og blir òg ein del av eit pilotprosjekt i «Framtidens byer».

Utviding i Tromsø

Framsenteret består av 21 institusjonar som driv med tverrfagleg forsking, rådgiving, forvaltning og formidling innanfor naturvitskap, samfunnsvitskap og teknologi. Fleire institusjonar blir med utvidinga samlokaliserte. Bygget er i dag på 14 800 m² og blei teke i bruk i 1998. Det nye bygget skal plasserast parallelt med det eksisterande bygget, på sørsida.

Statsbygg utarbeidde i 2012, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, forprosjekt for utviding av Framsenteret.

Nybygg i Trondheim

Regjeringa foreslår òg å løyve fem millionar kroner til oppstart av prosjektering for eit nytt bygg på Høgskolen i Sør-Trøndelag. Det er helse- og sosialfag som skal utvidast med cirka 13 000 kvadratmeter i Elgsetergata. Det vil bety at høgskolen får samla alle helse- og sosialfagutdanningane på éin stad.

Kontaktpersonar

×