Rosar godt SHA-arbeid i Veidekke

Publisert 14.10.2015

Dei offentlege byggherrane samarbeider no tett om å oppnå målet om skadefrie byggje- og anleggsplassar i Noreg. Nå har Charter for ei skadefri byggje- og anleggsnæring delt ut SHA-prisen 2015. Vinnaren er Veidekke.

Veidekke vann prisen for beste arbeid med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) med prosjektet Marienfryd på Ensjø i Oslo. Prisen ble delt ut under åpningsseminaret for SHA-dagane, som gjekk av stabelen på Chateau Neuf i Oslo den 13. oktober.

- Veidekke går føre som eit godt døme på eit involverande, lærande og innovativt SHA-arbeid i alle fasar av byg-gjeprosjektet, både gjennom planlegging, prosjektering og gjennomføring, grunngjev juryen.

Sikkerheit i alle fasar

Forsvarsbygg, Statsbygg, Statens vegvesen og Jernbaneverket har dagleg det overordna ansvaret for sikkerheita til tusenvis av arbeidstakarar. Prisutdelinga er del av ei felles satsing på skadefrie byggje- og anleggsplassar.

- Heile byggje- og anleggsbransjen må tenkje sikkerheit, helse og arbeidsmiljø i alle prosjekt, heilt frå prosjekte-rande til entreprenør og arbeidstakarar. Prosjektet Marienfryd er eit døme på korleis det kan gjerast, seier juryen.

Skadefri arbeidsplass

Nesten kvar månad skjer det ei dødsulykke på byggje- og anleggsplassar i Noreg. I løpet av eitt år blir 100 personar påført varige mén. Desse tala vil dei offentlege byggherrane til livs.

- Målet vårt er at alle skal kome uskadde heim, seier dei offentlege byggherrane med administrerande direktør Frode Sjursen (Forsvarsbygg), Harald Nikolaisen (Statsbygg), jernbanedirektør Elisabeth Enger og vegdirektør Lars Aksnes i spissen.

Grunngjevinga frå juryen

  • Tidleg og gjennomgåande involvering ved å inkludere arbeidstakarar og underentreprenørar i tidleg fase.
  • Nytenking ved å involvere utanforståande aktørar, som Norges Astma- og allergiforbund.
  • God og systematisk rapportering.
  • Gode planar som viser at prosjektet har fokusert på krav frå lovgjevar når det gjeld sikkerheita til arbeidara-ne.
  • Systematisk læring av avvik med læringsoverføring til neste prosjekt og/eller fase.
  • Solide ressursar og kompetanse til planlegging før byggjestart og undervegs i prosjektet.
  • Metode og materialval synest å ha moment som skal ivareta sikkerheita til arbeidarane.

Juryen har bestått av representantar frå Arbeidstilsynet, offentlege byggherrar, bransjeorganisasjonar og arbeidstakarsida.

For meir informasjon om prisutdelinga, kontakt juryen ved:

Lene Jønsson, leiar HMS og Entreprenørskolen. Telefon: +47 930 96 184 og e-post: lj@eba.no.

For informasjon om Veidekke sitt prosjekt Marienfryd, sjå veidekkebolig.no/marienfryd.

Fakta om Marienfryd

Ein blokk på seks etasjar: Barnehage i plan 1 og 50 leilegheiter i resterande plan. Bygget er det femte trinnet av i alt seks trinn på Marienfryd. Totalt ca 3800 BTA. Totalentreprise.

Byggherre: Veidekke Bolig AS.
Representant for byggherren: Veidekke Eiendom AS.
Prosjektering og bygging: Veidekke Entreprenør AS

Kontakt

×