Rosenkrantztårnet har fått spiret tilbake

Publisert 20.11.2015

Ekstremveret Nina tok med seg spiret til Rosenkrantztårnet i Bergen i januar i år.  No er spiret tilbake i toppen av tårnet. 

Det var strålande sol og vindstille då spiret blei heist på plass etter å ha vore til reparasjon sidan januar i år.

- Spiret er restaurert og så godt som nytt. Den einaste endringa er at verhanen – som er ei havfrue – no kan snu seg etter vinden. Slik blir det mindre motstand og slitasje på spiret når vinden står på som verst, seier eigedomsforvaltar Bente Mathisen i Statsbygg.

Det femti år gamle spiret er over ti meter langt, og med alle elementa veg det til saman 350 kilo. Element som smijernsornament og koparkuler er reparerte og monterte tilbake på spiret, som er retta ut og behandla av blikkslager.

- Forrige gong det blei gjort arbeid med spiret, var i etterkant av eksplosjonen på Vågen under andre verdskrigen, fortel Mathisen. - Den gong blei spiret lyft opp med hjelp av helikopter. I dag brukte vi lift til å heise spiret på plass.

Kuppelen som spiret er festa i, har óg blitt behandla i etterkant av uveret.

Kongebolig og administrasjonssentrum

Bergenhus var kongebolig og administrasjonssentrum den gong Bergen var hovudstad i Noreg.

Håkonshallen er den eldste delen av Bergenhus festning, og blei reist på midten av 1200-talet av kong Håkon Håkonsson. Rosenkrantztårnet blei reist av dåverende lensherre Erik Rosenkrantz i 1563.

Statsbygg forvaltar Håkonshallen, Rosenkrantztårnet, stallbygningen og portkastellet på Bergenhus. Bymuseet i Bergen står for bruk og museumsdrift.

Bygninger og konstruksjonar frå mellomalderen er automatisk freda ved lov. Resten av Bergenhus blei freda av Riksantikvaren i 2006.

Kontaktpersonar

×