Skal flytte fjell

Publisert 17.06.2015

Heile 180 000 kubikkmeter fjell og lausmasse skal sprengast, gravast opp og flyttast før det store Veterinærbygget på Ås kan reisast. Og no er det klart kven som skal gjere jobben.

Prestisjeoppdraget gjekk til eit av dei største entreprenørselskapa innanfor grunnarbeid i Østfold. Statsbygg har tildelt Råde Graveservice AS oppdraget med grunnarbeid for Veterinærbygget på Campus Ås, NMBU. Avtalen har ein verdi på rundt 76 millionar kroner. Kontrakten blei signert av byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg og prosjektleiar Knut Marius Hvidsten i Råde Graveservice.

Gjenbruk av fjell

Arbeidet startar i august og vil ta eit halvt år. Til saman skal det flyttast 180 000 kubikkmeter fjell og lausmassar. Det meste skal brukast på nytt inne på tomta, men det kan vere nødvendig å fjernlagre massar i ein periode. I tillegg skal det setjast ned nærmare 5000 kvadratmeter spunt.

Råde Graveservice kjem til å ha rundt 35 mann på jobben.

– Dette er ein jobb som vil involvere ein tredel av arbeidsstokken vår, og no gler vi oss til å gå i gang med arbeidet, seier dagleg leiar i Råde Graveservice AS Terje Andersen.

Krevjande jobb

Prosjektdirektør Erik Antonsen i Statsbygg er svært glad for at Statsbygg no har signert den første kontrakten på Veterinærbygget.

– Med denne avtalen er vi verkeleg i gang med dette store, teknisk krevjande og veldig spennande prosjektet, og vi gler oss til samarbeidet med Råde Graveservice AS, seier han.

Arbeida på Campus Ås har allereie gått føre seg i fleire år, og alt skal stå klart i 2019.

Kontaktpersonar

×