Skanska Husfabrikken byggjer fengsel for Statsbygg

Publisert 21.12.2015

Statsbygg utvidar fengsla ved Eidsberg og Ullersmo med totalt 192 celler.

Statsbygg har inngått kontrakt med Skanska Husfabrikken, som skal byggje dei nye fengselscellene.

 Raskare og rimelegare

Ein stor del av denne utbygginga blir gjennomført med prefabrikkerte modular, noko som gir redusert gjennomføringstid, lågare byggjekostnadar og god bygningsmessig kvalitet. Statsbygg og Kriminalomsorgen har utvikla ei standardisert løysing som kan tilpassast nye fengselsutbygginger.

 - Betydelege gevinstar

 - Statsbygg ser betydelege gevinstar ved å utvikle standardiserte løysingar for bygg som fengsel. Dette er gjentakande byggeri for oss. Vi ser fram til å komme skikkeleg i gong med prosjektet i eit godt samspel med Skanska, seier byggherredirektør Synnøve Lyssand Sandberg i Statsbygg.

 Utbygginga er på i alt 18 000 m2. I tillegg til dei 192 cellene omfattar utbygginga administrasjon, verkstader, undervisningslokale, butikk, skole, heilage rom, samt arbeidsplassar for prester og helsepersonell.

 Prosjekta skal vere ferdige våren 2017.

Kontakt

×