Statsbygg får EU-oppdrag

Publisert 12.02.2015

EU ønskjer hjelp av Statsbygg og seks andre partnarar til å gjere samfunnsviktige data meir tilgjengelege for alle. Eit nytt system for å dele eigedomsdata i Europa skal utviklast. Det kan bidra til sikrare bygg og hindre tap av liv og helse.

I skarp internasjonal konkurranse har EU tildelt Statsbygg og seks andre norske og europeiske partnarar 3,5 millionar euro til prosjektet "proDataMarket".

– Det er unikt at Statsbygg får tildelt EU-midlar. Det vi skal bidra med, er å utvikle eit nytt verktøy som gjer det enkelt for verksemder i heile Europa å dele eigedomsdata med andre, seier Harald Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Liv og helse

Oversikt over arealdata, leige- og salsprisar, miljødata og geografiske data for eigedommar er i utgangspunktet gratis, men ofte vanskeleg tilgjengeleg. Derfor har slike data blitt god butikk internasjonalt gjennom betalingstenester.

Som eigar av over 2300 bygningar på vegner av staten, sit Statsbygg på verdifulle data. No skal Statsbygg vere med på å lage ein modell for deling av eigedomsdata som er viktig for liv og helse.

Sikrare bygg

Det skal bli lettare for Noreg og EU-landa å setje saman informasjon frå mange kjelder til for eksempel risiko- og sårbarheitsanalysar og dermed byggje betre og sikrare bygg i framtida.

– Framtida er digital, og det vil i aukande grad bli lagt vekt på korleis ein skal finne informasjon. Både EU og Noreg har som mål å gjere offentlege data meir tilgjengelege.

Følg bloggen!

Følg prosjekt på prodatamarket.eu/ 

Kontaktpersonar

×