Statsbygg får prestisjefylt EU-pris

Publisert 14.04.2015

Statsbygg får EUs kulturminnepris / Europa Nostra Awards for restaureringa av Eidsvollsbygningen. Prosjektet har bidrege til ivaretaking av europeisk kulturarv, meiner juryen.

– Vi er stolte og takknemlege for ei slik heidring av arbeidet vårt med å restaurere Eidsvollsbygningen tilbake til 1814, seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Viktig pris

Statsbygg er blant årets vinnarar av den fremste europeiske prisen for restaureringsprosjekt: European Union Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards.

Eidsvollsbygningen stod klar til bruk til 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Eksteriør og interiør blei tilbakeført til slik dei kan ha sett ut i 1814. Kjellaren med kjøkken og rom for tenarskap blei rekonstruert etter tilgjengelege spor og dokument. Med dette får publikum òg ei betre forståing av korleis eit slikt hus blei drive.

Lange og omfattande forundersøkingar måtte til for å finne ut korleis bygningen hadde vore då eidsvollsmennene heldt hus der. Statsbygg var byggherre, og restaureringa var ein kompleks prosess som mellom anna involverte kunsthistorikarar, kulturminneekspertar, andre rådgivarar og mange ulike handverksfag. Det heile blei gjennomført i nært samarbeid med Riksantikvaren.

Populært

Publikum strøymde til Eidsvollsbygningen i løpet av jubileumsåret for å sjå resultatet, og Museet Eidsvoll 1814 fekk femdobla besøkstalet!

Prisen blir delt ut i Oslo rådhus 11. juni under Europa Nostras årskongress. Statsbygg har tidlegare fått denne prisen for restaureringa av Domus Academica (Urbygningen) ved Universitetet i Oslo i 2006.

×