Statsbygg tar imot kulturminnepris i dag

Publisert 11.06.2015

I kveld får Statsbygg EUs kulturminnepris/ Europa Nostra Award, for restaureringa av Eidsvollsbygningen. 

– Dette blir ein stor kveld, seier prosjektleiar Lasse Kwetzinsky. – Å vinne kulturminneprisen er ei stor ære, og å vere nominert til publikumsprisen gjer prisutdelinga ekstra spennande.

Prisen blir teken imot av Statsbyggs administrerande direktør Harald Nikolaisen, med Kwetzinsky og fleire andre involverte i salen.

Ført tilbake til prakttida

Den restaurerte Eidsvollsbygningen stod klar til 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Eksteriør og interiør blei ført tilbake til slik dei kan ha sett ut i 1814. Statsbygg var byggherre, og restaureringa var ein kompleks prosess som mellom anna involverte kunsthistorikarar, kulturminneekspertar, andre rådgivarar og mange handverkarar innanfor ulike fag. Det heile blei gjennomført i nært samarbeid med Riksantikvaren.

Kontaktpersonar

Prosjektleiar:

×