Statsbygg tok imot kulturminnepris
Publisert 12.06.2015
Statsbygg fekk i går den prestisjefylte EUs kulturminnepris / Europa Nostra Awards for Eidsvollsbygningen, som blei restaurert i samband med grunnlovsjubileet i 2014.
Prosjektet har bidrege til å ta vare på Europas kulturarv, meiner juryen.
– Dette er ei stor anerkjenning for Statsbygg, og vi er stolte over å få denne prisen, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.
Givande prosess
– Restaureringa av Eidsvollsbygningen har vore ein omfattande, men givande prosess, seier prosjektleiar Lasse Kwetzinsky. – Målet med restaureringa har vore å føre bygningen tilbake til slik han kan ha sett ut i 1814, men også å bevare eigedommen og å førebyggje framtidig skade, seier Kwetzinsky. – Ei anna viktig oppgåve har vore universell utforming av eigedommen.
I tillegg til å setje bygningen i stand til jubileumsåret 2014 var det eit poeng at publikum skulle kunne få eit innblikk i korleis huset blei drive på 1800-talet.
Statsbygg har hatt eit nært samarbeid med Riksantikvaren og Eidsvoll 1814 gjennom heile restaureringsprosessen.