Frå Svalbard kirke til Troll i Antarktis

Publisert 26.03.2015

Laurdag 28. mars sløkkjer Statsbygg lyset for miljøet. Som ei markering vil vi i år mørkleggje mange av bygningane våre rundt om i landet. I tillegg til regjeringskvartalet, Stiftsgården og Framsenteret, for å nemne nokre, blir lyset sløkt i Svalbard kirke og Troll forskingsstasjon i Antarktis.

Statsbygg forvaltar 2350 bygningar i inn- og utland, og i år mørklegg vi Operaen og rundt 30 andre eigedommar.

– Mange stader må det leggjast ned mykje innsats frå driftspersonellet vårt for å mørkleggje bygga. Systema våre er ikkje nødvendigvis konstruerte for ein time ad-hoc justering, men Statsbygg tek klimaansvar, og vi ønskjer verkeleg å delta i denne viktige årlege markeringa for å få ned energibruken, seier eigedomsdirektør Frode Meinich.

– Vi samarbeider òg med leigetakarane og brukarane våre for å vere sikre på at dette ikkje øydelegg for verksemda til brukarane. Ein stad er vi til og med avhengige av brukarane for å få sløkt lyset. På forskingsstasjonen Troll i Antarktis er det Norsk Polarinstitutt som er på plassen, og som velvillige deltek ved å sløkkje lyset for oss, avsluttar Meinich.

Alle med tilgang til ein lysbrytar kan bidra. Derfor oppfordrar Statsbygg alle leigetakarar og tilsette til å sløkkje lyset i ein time laurdag frå klokka 20.30.

Statsbygg har delteke i Earth Hour heilt frå starten i 2009.

Her sløkkjer vi lyset

Svalbard kirke
Troll forskingsstasjon i Antarktis
Framsenteret, Tromsø
Tinghuset i Tromsø
Statens hus i Vadsø
Statsarkivet, Tromsø
Nofima (Fiskeriforskning)
Høgskolen i Harstad
Trondheim tinghus
Høgskolevn.12 (tidl. Statsarkivet)
Stiftsgården, Trondheim
Steinkjer tinghus
Universitetet i Stavanger, undervisningsbygg unntatt bustader/hyblar
HSH Haugesund
HSH Rommetveit
Høgskolen i Sogn og Fjordane, Fossbygget
Justisbygget i Kristiansand
Høgskolen i Buskerud og Vestfold, campus Vestfold og campus Kongsberg
Tollboden, Porsgrunn
Nobels Fredssenter, Oslo
Villa Grande, Oslo
Oslo tinghus
Høgskolen i Østfold, Remmen
Høgskolen i Østfold, Halden
Operaen, Bjørvika
Regjeringskvartalet R5
Regjeringskvartalet R6
Justervesenet, Oslo
Nærings- og fiskeridepartementet i Kongensgate
Nærings- og fiskeridepartementet i Grubbegata 1
Statsbyggs hovudkontor i Byporten, Oslo

Kontaktpersonar

×