Stiller ut anbefalingane i 22. juli-senteret

Publisert 06.10.2015

Statsbygg har komme med ei anbefaling om byformprinsipp for nytt regjeringskvartal. Anbefalinga blir presentert i ei utstilling i 22. juli-senteret, i paviljongen i Høgblokka.

Utstillinga kan sjåast første gong frå kl. 16.00 tysdag 6. oktober og vil bli vist fast i ein periode framover.

Anbefalinga viser eitt konkret forslag til utbygging, men det er berre byformprinsippa som skal takast vidare til reguleringsplanen. Dette er prinsipp som fastset høgder, utnytting, lokalisering av plassar og gater og kvar det kan byggjast.

Det er venta at reguleringsplanen blir lagd ut til offentleg høyring i løpet av våren 2016. Formålet med å presentere anbefalinga er ønsket om openheit rundt den pågåande prosessen.

Opningstidene til senteret er mandag–laurdag 10–17, søndag 12–16.

Sjå elles nettsidene til 22. juli-senteret

Utstillinga

Stad: 22. juli-senteret, paviljongen i Høyblokka
Opnar for publikum: tys. 6. oktober kl. 16.
Opningstider: mån.-laur. 10-17, søn kl. 12-16

Kontaktperson

Sja bilete og film. Les anbefalinga
×