Store byggjeprosjekt i Åpent rom

Publisert 16.04.2015

Aldri har Statsbygg bygd fleire store, komplekse bygg enn no. Åtte av dei største pågåande byggjeprosjekta våre blir til saman tolv gonger større enn operahuset i Oslo. Det nyaste nummeret av Åpent rom viser fram dei største byggjeprosjekta som er i gang.

Det mest kjende av dei store byggjeprosjekta til Statsbygg er nok det nye nasjonalmuseet. Midt i Oslo sentrum på den gamle vestbanetomta skal det snart reise seg eit monumentalt bygg på over 54.000 kvadratmeter. I Åpent rom kan du lese om alle dei ulike aktivitetane på den tilsynelatande kaotiske byggjeplassen.

Sjølv om nasjonalmuseet blir stort, er det langt frå det største byggjeprosjektet i arbeid hos Statsbygg. I Åpent rom kan du òg lese om oppstarten til det som skal bli Livsvitenskapsbygget på Blindern, Noreg si storsatsing på utdanning, forsking og innovasjon innanfor mellom anna faga farmasi og kjemi.

Også Campus Ås overgår nasjonalmuseet i størrelse. Senter for husdyrforsøk er allereie ferdig i det hittil største byggjeprosjektet ved nokon utdanningsinstitusjon her til lands. Åpent rom tek deg med på rundtur i Noregs feitaste fjøs.

Bak alle byggjeprosjekt jobbar det kompetente statsbyggjarar i kulissene. Åpent rom presenterer ti av dei. Dette er fagfolk som alle har spesialkompetanse som er heilt nødvendig for at byggjeprosjekta skal kunne gjennomførast som bestilt.

I tillegg finn du dei faste spaltene med mellom anna Statsbyggs IKT-satsing, Henrik Wergelands første skisse av sitt eige hus – Grotten og Statsbyggs eige mentorprogram.

I denne utgåva blir òg kortversjonen av årsmeldinga vår for 2014 presentert.

Abonnere?

Du kan abonnere og få bladet gratis i posten.
Send ein e-post til postmottak@statsbygg.no.

Kontaktperson

Last ned og les!

Åpent rom 2015 nr 1
Åpent rom
Les tidlegare nummer
×