Større kontor for Statens vegvesen i Leikanger

Publisert 16.09.2015

Statsbygg har sørgt for meir kontorplass til Statens vegvesen i Leikanger. Dei nye lokala blir offisielt opna 17. september.

Tilbygget er på 2300 kvadratmeter, har høg standard og skal understreke funksjonen lokala har som regionhovudkontor for Statens vegvesen, Region vest.

Betre plass for dei tilsette

Tal på kontorplassar har no auka frå 175 til 235. Det har òg blitt etablert ei ny kantine med tilhøyrande møterom og trimrom. I tillegg har det blitt bygd ein ny carport for ti tenestebilar, og parkeringsplassen har blitt utvida. Her har det komme ladestasjonar for el-bil og mange sykkelparkeringsplassar under tak.

Energi- og kostnadseffektive løysingar

Det nye påbygget har varmepumpe, vassboren varme og andre energieffektive løysingar. I det allereie eksisterande bygget er det gjort energitiltak i form av nye vindauge, etterisolering av tak, nytt ventilasjonsanlegg og nytt teknisk anlegg. I tillegg er det sett inn nye lysarmaturar og panelomnar som kan styrast sentralt med natt- og helgesenking.

– Dette er eit eksempel på eit moderne bygg med kostnadseffektive løysingar. I dette prosjektet har vi fått mykje ut av pengane gjennom eit godt samarbeid med vegvesenet, seier prosjektleiar i Statsbygg Thomas Sannum.

Veidekke AS har vore totalentreprenør for prosjektet. Arkitekt har vore Arkitektkontoret Erling Haugen AS.

Kontakt

Thomas Sannum
Prosjektleder
Mob. 406 03 608
Send e-post
×