Strengare etikk-krav i Statsbygg

Publisert 03.07.2015

Statsbygg har blitt medlem av Initiativ for etisk handel. Statsbygg går dermed i bresjen for strengare etiske krav i byggjebransjen. 

– Det betyr eit skjerpa fokus på arbeids- og miljøforhold hos leverandørar for å hindre, avdekkje og betre uakseptable arbeidsvilkår, seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Nei til uverdige forhold

Stein, tømmer og andre varer som blir brukte i prosjekta til Statsbygg, skal ikkje produserast under helsefarlege forhold, av barn eller av arbeidarar som ikkje har faglege rettar eller ei anstendig lønn.

– Som statleg byggherre er det vårt ansvar å gå framom som eit godt eksempel. No skal vi òg bruke innkjøpsmakta vår til å auke innsatsen endå meir for å sikre at varer vi kjøper, følgjer krava til gode arbeids- og miljøforhold, seier Nikolaisen.

Etisk pådrivar

Initiativ for etisk handel (IEH) er Nordens største ressurssenter og allianse for etisk handel med både bedrifter, organisasjonar og offentlege verksemder som medlemmer.
‒ Som ein av dei verkeleg store oppdragsgivarane i ein bransje med mange eksempel på menneskerettsbrot viser Statsbygg tydeleg vilje til å ta ansvaret sitt på alvor. Saman med mellom andre IEH-medlem Jernbaneverket vil medlemskapet til Statsbygg få stor innverknad på kva som blir forventa av leverandørbransjen og ikkje minst på arbeidsforholda for dei som produserer varene, seier dagleg leiar Per Bondevik i IEH.

Skal jobbe saman

Bondevik seier han ser fram til å vidareutvikle bruken av kvalifikasjonskrav og kontraktsvilkår saman med Statsbygg.

‒ Medlemskapet gir oss tilgang til viktig kompetanse, verktøy og nettverk. Det vil gjere det mogleg for oss å setje i verk tiltak som bidreg til skikkeleg betring for arbeidarar i land som produserer varer som blir brukte i bygga våre, seier Nikolaisen.

Byggjenæringa

Statsbygg-sjefen håper òg at det vil bli lettare for andre aktørar i byggjenæringa å ta riktige val ved hjelp av Statsbygg sine årlege rapportar til IEH, som blir gjorde offentleg tilgjengelege.

Kontaktpersonar

×