Studentane flytter inn

Publisert 24.09.2015

117 studentar har flytt inn i nye hyblar på Campus Evenstad i Hedmark.

Torsdag 24. september overleverer Statsbygg formelt dei nye studenthyblane ved Campus Evenstad til Høgskolen i Hedmark.

Hyblane er modulbygg produserte i Steinkjer. Modulane blei køyrde med 40 vogntog dei 400 kilometerane til Evenstad. Rammeverket blei sett opp i løpet av seks dagar.

Eit av bygga har solfangaranlegg som sørgjer for varmtvatn til studentane.

Hybelbygga rommar 117 hyblar på til saman nesten 4000 kvadratmeter. Skanska har vore totalentreprenør.

Kontaktpersonar

×