Studentpris for framifrå landskapsarkitektur 2015

Publisert 01.11.2015

Statsbyggs studentpris for framifrå landskapsarkitektur gjekk i år til Dina Fonn Sætre og Sigrid Hauglin for mastergradsoppgåva "Drøym di framtid" ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU. Prisen blei delt ut 17. september.

Studentprisen for landskapsarkitektur er viktig for Statsbygg. Med prisen ønsker vi å vise at Statsbygg verdset kjerneverdiane i landskapsfaget. Samtidig vil vi stimulere til eksperimentelle og nyskapande studiar i landskapsarkitektur blant framtidige generasjonar landskapsarkitektar. 

Studentprisen for 2015 er på 20.000 kroner og det var to svært sterke kandidatar som var nominerte. Begge oppgåvene var grundig gjennomførte og juryen meldte om eit interessant og fagleg motiverande arbeid!

Vinnarane

Vinnarane av prisen i år var Dina Fonn Sætre og Sigrid Hauglin med oppgåva "Drøym di framtid. Lokalt engasjement og stedsidentitet som drivkraft til et levende Ørsta sentrum".

Forfattarane si genuine interesse for eit livskraftig og eigenarta Ørsta sentrum gjennomsyrer oppgåvetilnærminga og forslaga til metode og løysingar. Med utgangspunkt i ein fysisk og ein sosiokulturell analyse har dei utarbeidd ein sentrumsplan som skal bidra til å skape eit livskraftig og levande sentrum i Ørsta. Juryen er særleg begeistra for merksemda oppgåva gir dei sosiokulturelle aspekta i oppgåva.

Grunngiving frå juryen

Juryen seier mellom anna dette i grunngivinga si: "Juryen betrakter vinneroppgaven som et svært modent, ambisiøst og godt gjennomarbeidet prosjekt. I tillegg mener juryen at de strategier og løsninger som foreslås, er realistiske og konstruktive og bunner i en stor forståelse for stedet som er valgt. Oppgaven er vakkert presentert, grundig og strukturert lagt opp og har en god lesbarhet."

Dei nominerte

Dei nominerte til prisen i år var:

  • Even Bakken: Byrom for fysisk aktivitet
  • Dina Fonn Sætre og Sigrid Hauglin: Drøym di framtid. Lokalt engasjement og stedsidentitet som drivkraft til et levende Ørsta sentrum

Prisen blei delt ut 17. september av landskapsarkitekt Ida Therese Grande, Statsbygg. 

Kontaktpersonar

×