Studentpris for gjenbruk av forlatne bygningar

Publisert 02.11.2015

Juryen for Statsbyggs studentpris har valt å dele ut prisen for framifrå arkitektur/BAS 2014 til Anders Sletten Eide og Mattias Josefsson for prosjektet "Treasury of deserted backdrops".

Masteroppgåva startar med ei omfattande kartlegging av forlatne bygningar og konstruksjonar i Hordaland, registrerte på ein interaktiv nettstad utvikla av kandidatane. Med dels sjølbygde instrument og på særs kreativt vis, har dei undersøkt nokre få av lokasjonane, to av dei er valde til case-studiar. 

Juryen si grunngiving

I grunngivinga sa juryen mellom anna dette:

"I funksjonsprogrammet for dei to studiane viser prisvinnarane ei betydeleg evne og vilje til nytenking i alle fasar frå kartlegging til ferdige prosjekt. Kandidatane utmerker seg i måten dei klarar å snu miljøproblem til potensielle ressursar for miljø og samfunn. Særleg eksempelet med tangproduksjon har ein betydeleg overføringsverdi: det tilfører ny verksemd som både kan betra den økologiske balansen kring oppdrettsanlegg og samtidig styrke næringsgrunnlaget for kystbefolkninga. Begge case-prosjekta markerar seg med særs god formgiving, og heile prosjektet er vakkert presentert."

Seniorarkitekt Alda Morice Christensen frå Statsbygg, Region vest overrekte prisen: eit diplom og ein sjekk på 20.000 kroner.

Dei nominerte

  • Almudena Ruiz-Giménez Úbeda og Nadav Kochavi: Recomposing Presence in Trumpeldor - A revival to an existing cemetery located in the heart of Tel Aviv, Israel
  • Fredrikke Lundgaard Frølich: Intercultural co-existence Meeting people, bridging difference and getting along
  • Anders Sletten Eide og Mattias Josefsson: Treasury of deserted backdrops

Les òg om prisen på nettstaden til BAS.

Statsbyggs studentprisar

Formålet med Statsbyggs studentpris er å stimulere til eksperimentelle og nyskapande studiar av arkitektur blant framtidige generasjonar av arkitektar.

Prisen blir delt ut til eitt eller fleire studentprosjekt på masternivå for særleg nyskapande og godt gjennomført prosjektarbeid, utførte i tråd med statens føringar innan arkitekturfeltet.

Kontakt

×