Studentpris til multifunksjonelt kulturhus

Publisert 29.01.2015

Statsbygg har gitt prisen for framifrå arkitektur ved AHO til studentane Kristian Grøstad og Adrian Rove Nordgård. Prosjektet S/C/A/L/E viser korleis Sandefjord sentrum kan utviklast.

Juryen meiner prosjektet er eit konkret innspel i ein pågåande diskusjon rundt planar om neste trinn i utviklinga av Sandefjord sentrum, og har både aktualitet og overføringsverdi. Kandidatane utnyttar den frie posisjonen sin til å foreslå å vitalisere eit sentralt, men dårleg utnytta område i byen.

S/C/A/L/E er eit kulturhus som omfattar bibliotek, kinosalar, kulturskole, øvingslokale og rockekjellar med klubbscene, og i tillegg noko areal til kontorutleige.

– Bak program og løysing ligg ei analytisk tilnærming gjennom utforsking av underliggjande kontekst og bakgrunn, alle laga som til saman utgjer bystrukturen i Sandefjord i dag, held juryen fram. – Dette knyt prosjektet til transformasjonsprosess frå industrisamfunn til informasjonssamfunn.

Viktig å utfordre det etablerte

– I diplomprosjektet tok vi utgangspunkt i ein stad med ei spennande historie og ein pågåande debatt rundt utviklinga av sentrum i byen, fortel studentane. – Vi synest ikkje debatten tek nok høgd for kor viktig det sentrale torget i byen er når det gjeld å diskutere eit nytt bibliotek, kino og andre kulturinstitusjonar. Svaret vårt er derfor ein radikalt annleis måte å gjere dette på, noko vi kan gjere fordi dette er eit studentprosjekt utan dei same restriksjonane som eit reelt konkurranseforslag har.

– Som studentar synest vi er det viktig å utfordre det etablerte gjennom å vere radikalt annleis, seier Grøstad og Nordgård.

×