Studentpris til prosjekt om overgangar

Publisert 07.12.2015

Karoline Kalstveit har vunne prisen for beste studentoppgåve ved Bergen Arkitekthøgskole BAS, for prosjektet «Thresholds – territorier og tilstander av liminalitet på Unstad i Lofoten». 

I oppgåva har Kalstveit studert fysiske og psykologiske barrierar på tettstaden Unstad i Lofoten. På grunnlag av desse barrierane har ho forma enkle tiltak som kan stimulere til ny bruk av landskapet og nye møte mellom menneske.

Overgangar

Omgrepet liminalitet viser til ein mellomfase eller overgang, og i oppgåva peiker Kalstveit på fysiske eksempel, som mellom anna møtet mellom bratte fjell og flate dalbotnar. Ho peiker òg på menneskelege mellomfasar som fråflytting og auka turisme.

– Sjølv om tida tvingar seg på Unstad, står bygda der på mange måtar som ein anakronisme, med ein sterk ibuande motstand mot endring både i samfunnet, i den bygde strukturen og i landskapet, skriv Kalstveit i oppgåva.

Kalstveit foreslår ulike tiltak som kan bidra til å skape kontakt mellom menneske på tvers av grenser og barrierar – mellom anna å byggje «innmarksnaust», som kan leigast ut til turistar eller brukast som for eksempel leskjul eller til oppbevaring av arbeidsreiskapar. Eit anna tiltak som blir foreslått, er såkalla gjerdeklyvarar, som inviterer folk til å klatre over dei mange gjerda i området.

Utfordrar etablerte forståingar

Juryen, sett saman av Statsbyggs sjefarkitekt Gisle Erlien, seniorarkitekt Line Woxen og prosjektleiar Per Aksel Larsen, er imponert over Kaltveits enkle, men effektive verkemiddel.

«Karoline Kalstveits oppgave bygger på en nyansert og grundig forståelse av liminalitet og av barrierer på stedet, og utfordrer etablerte forståelser og barrierer ved å bruke enkle og kreative virkemidler», meiner juryen. «Prinsippene er elegante, og kan lett tenkes overført til ulike steder og til inngrep i ulike målestokker.»

Prisen på 20 000 kroner blei delt ut av eigedomsforvaltar Maria Williams frå Statsbyggs regionkontor vest.

Statsbygg deler ut seks studentprisar kvart år. For arkitektur blir det delt ut prisar ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, NTNU og Bergen Arkitekthøgskole. Ved NMBU blir det delt ut pris for landskapsarkitektur, og ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen blir det delt ut prisar for interiørarkitektur.

Formålet med Statsbyggs studentprisar er å stimulere til eksperimentelle og nyskapande studiar av arkitektur frå framtidige generasjonar av arkitektar.

×