Tilbygg i massivtre opnar hos Sysselmannen på Svalbard

Publisert 23.03.2015

Tysdag 24. mars opnar Statsbygg det nye tilbygget til Sysselmannens administrasjonsbygg i Longyearbyen.

– Dei bærande elementa bygget er oppført med, er i massivtre, seier prosjektleiar i Statsbygg Trond Liane.

Massivtre er eit fleksibelt treverk med gode miljø- og branneigenskapar. Det går raskt å setje opp og er dermed kostnadseffektivt.

Prosjektleiaren legg òg til at grunnforholda i tundraklimaet på Svalbard krev andre byggjeteknikkar enn på fastlandet:

– Bygget er sett på stålpælar som er bora ned i permafrosten.

Statsbygg har utvida administrasjonsbygget på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Sysselmannen på Svalbard hadde behov for større plass i tillegg til kontorareal som er betre tilpassa gjeremåla og oppgåvene. Med det nye tilbygget har dei no 600 kvadratmeter til, som går over to plan og består av mellom anna kontor, arkiv, møterom og ei fengselscelle.

Statsbygg har hatt Jarmund/Vigsnæs arkitekter, totalentreprenør LNS Spitsbergen og LPO arkitekter med på laget. Ifølgje prosjektleiaren har det vore eit godt samarbeid i prosjektet:

– Entreprenøren har vist stor fleksibilitet for å få med brukaren sine ønske, seier Trond Liane.

Tilbygget har kosta 29 millionar kroner.

Kontakt

×