Ungdomseining ved Bjørgvin fengsel opna

Publisert 11.06.2015

Onsdag 10. juni overleverte byggherredirektør i Statsbygg Synnøve Lyssand Sandberg den nye ungdomseininga ved Bjørgvin fengsel til statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet Vidar Brein-Karlsen. Rehabiliteringa av eininga sikrar tilbodet fengselet har for ungdom mellom 15 og 18 år. 

Dette er den første ungdomseininga som er bygd spesielt for formålet.

Bygget er 1520 kvadratmeter stort og går over to etasjar. Første etasje inneheld mellom anna bebuarrom, opphaldsrom med kjøkken, vaktrom, kontor og undervisningsrom. Andre etasje inneheld kontor, tilsettgarderobe, ei butrenings-leilegheit og ei besøksleilegheit.

Eininga har fire standardplassar, ein plass for rørslehemma og ei sikringscelle. Kvart bebuarrom har eige toalett og dusj.

Ikkje eit institusjonelt preg

Dette har vore ei omfattande rehabilitering, der berre ytterveggene i betong er tekne vare på.

Det har vore eit mål at bygget ikkje skal ha eit institusjonelt preg. Mellom anna er det ikkje gitter framfor vindauga, men dei er til gjengjeld skotsikre. Dørkarmane i bygget er stålforsterka.

Godt samarbeid

Prosjektet er gjennomført som totalentreprise med Donar AS som totalentreprenør. Norconsult har vore rådgivarar gjennom heile prosjektet. Kostnadsramma for prosjektet har vore 95 millionar kroner.

– Det har vore eit godt og hyggjeleg samarbeid heile vegen, fortel prosjektleiar Stefan Sjøholt-Hawkins.

Prosjektet er ferdigstilt til avtalt tid og kostnad.

Kontaktpersonar

×