Rekord for Statsbyggkonferansen

Publisert 08.04.2015

Rekordmange har meldt seg på Statsbyggkonferansen, som blir arrangert i dag onsdag 8. april. Konferansen diskuterer arbeidsplassen i framtida og blir overført direkte på nett.

Statsbyggkonferansen har vakse kraftig, frå 320 påmelde i fjor til over 500 i år.

– Det som starta i 2010 som ein rein kundekonferanse, har utvikla seg til å bli ein viktig møtestad for byggje- og eigedomsnæringa og andre interesserte. I år har vi ny deltakarrekord, og det er vi stolte av, seier Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Konferansen startar kl. 9 onsdag 08. april og blir overført direkte på nettsidene til bygg.no: http://www.bygg.no/article/1232309 

Det er sjette gongen Statsbyggkonferansen blir arrangert for kundar, samarbeidspartnarar og presse. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner opnar konferansen. Temaet i år er «Fra cellekontor til free seating – hva er en god arbeidsplass?»

Kontaktpersonar

×