- Dette blir eit praktbygg

Publisert 15.04.2016

Næringsminister Monica Mæland la i dag ned ein annleis grunnsten for Bergens første Snøhetta-bygg.

– Dette blir eit praktbygg, sa Mæland då ho avduka grunnsteinsskrinet, som mellom anna består av ein FM-sendar driven av eit solcellepanel. Han sender morsesignal med lengde- og breiddegradar for grunnsteinen! Sendaren er utforma av førsteamanuensis i form Charles Michalsen i samband med ein konkurranse mellom dei fagleg tilsette ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen.

Praktbygg

– Det blir sagt at dette skal vere den flottaste kunst- og designhøgskulen i heile verda, og det blir eit praktbygg som alle kjem til å sjå til, sa næringsministeren.

– Dette bygget kjem til å bli eit smykke i seg sjølv, sa Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.

Statsbygg byggjer Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Målet er å samlokalisere skulen, som i dag er plassert i seks forskjellige lokale i Bergen. Det gir vesentlege innsparingar i energibruk og transport i tillegg til å fremje det tverrfaglege og heve utviklinga av samansette kompetansar ved skulen.

Går i bresjen

– Eg trur prosessen med bygging av Kunst- og designhøgskolen vil vere ein føregangsprosess for byggjenæringa i Noreg. Statsbygg gjer her grep saman med leverandørane våre innanfor både prosessinnovasjon, introduksjon av LEAN og planlegging og innanfor produktinnovasjon, sa Nikolaisen.

På bilete nummer 2: Førsteamenuensis i form, Charles Michalsen ved KHiB, Partner Kjetil Trædal Thorsen i Snøhetta, administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg, Næringsminister Monica Mæland og rektor Gerd Tinglum ved KHiB.

Kontakt

×