Balestrand i nytt lys

Publisert 07.03.2016

Eit flott lysdesign set preg på det nye Reiselivsmuseet i Balestrand.

Det nye museet opnar til våren, men lyset er på allereie. Fire lyskastarar er retta mot fasaden og skaper eit spesielt mønster med motiv frå Balestrand med fjella i bakgrunnen.

Ideen er eit resultat frå eit av Statsbygg sine forskings- og utviklingsprosjekt der ein ønskte eit pilotprosjekt med lysdesign. Det nye reiselivsmuseet egna seg godt.

- Vi ville belyse uteområda og spesielt bruke fasaden mot gata for å profilere dei spesielle fjellformasjonane i Balestrand. Utforminga av sjølve bygget er inspirert av fjell og norsk natur, forklarer Nils Øyvind Bø, prosjektleiar i Statsbygg. 

At museet vender seg utover og tek i bruk det offentlege rommet på denne måten, er museumsleiar Connie Reksten svært glad for. - Musea som institusjonar må bli delaktige og synast meir i lokalsamfunnet. Det gjør vi no i Balestrand! 

- Det har vore veldig morosamt å designe ei tolking av det beste Noreg har å by på – nemleg fjord og fjell og så la biletet av Balestrand skine på fasaden til Reiselivsmuseet, seier Kristin Bredal frå Zenisk. Det er dei som har utført lysdesignet i samarbeid med Askim Lantto Arkitekter, som óg har teikna bygget.

Fakta

Statsbygg har bygd eit nytt reiselivsmuseum i Balestrand i Sogn og Fjordane. Bygget er omlag 1800 kvadratmeter og rommar utstillingsareal, auditorium, magasin, kontor, kafé og resepsjon.

Lysdesignet for utomhusbelysninga er utført av Zenisk AS. Motivdesignet er utført av Zenisk i samarbeid med Askim Lantto Arkitekter som har teikna bygget for Statsbygg.

Les meir

Les meir om reiselivsmuseet i Åpent rom nr. 2, 2015.

Kontakt

Nils Øyvind Bø
Prosjektleder
Mob. 970 50 700
Send e-post
×