Byggjeklossar med 69 888 moglegheiter

Publisert 03.06.2016

Statsbygg tenkjer nytt med oppsiktsvekjande utforming av ny symbolsk nøkkel. 

Å overrekkje ein liten skulptur til oppdragsgivaren og brukaren av eit bygg er ein viktig Statsbygg-tradisjon som på høgtideleg vis markerer at eit byggjeprosjekt er ferdig. Då blir den symbolske nøkkelen levert til dei som har teke bygget i bruk, og som til slutt fyller det med meining.

Den nye nøkkelen er utforma av eit av dei mest innovative designbyråa i Noreg, nemleg Neue Design Studio. Designbyrået er relativt ungt, men har vunne over 20 designprisar, mellom anna for utforminga av dei nye norske passa.

Designarane blei inspirerte av restemateriale frå byggjeplassar i arbeidet med den nye nøkkelen. Kvar nøkkel kan bestå av mellom to og fire byggjeklossar, og med innstøypte magnetar i kvar ende blir nye unike nøklar enkelt komponerte ved å feste éin kloss på ein annan. Byggjeklossane kjem i fire materiale: tre, marmor, aluminium og betong.

– Med alle kombinasjonsmoglegheitene vi har, kan kvart bygg no få ein unik symbolsk nøkkel, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim. Ho har vore pådrivar for utviklinga av ein nøkkel i moderne, enkelt og tidlaust design.

Mange moglegheiter

Med fire forskjellige former, som igjen kjem i forskjellige materiale, blir kombinasjonsmoglegheitene mange. Materialpaletten skal vere i konstant utvikling. Slik kan nøkkelen setjast saman for å spegle materiala i bygget han høyrer til. Med dei fire forskjellige klossane, som kan setjast saman i kombinasjonar på to, tre eller fire, kan Statsbygg gi bort opp til 69 888 unike symbolske nøklar.

– Det er ubegripeleg nok i seg sjølv med nesten 70 000 kombinasjonsmoglegheiter, men i framtida skal vi bestille endå fleire materiale. Så då får vi ta reknestykket på nytt, seier kommunikasjonsdirektøren.

Reknestykket

Element: Det er fire ulike materiale som kjem i fire størrelsar. Ein kan altså velje 16 ulike element (4x4).
Kombinasjonr: DeI 16 elementa kan kombinerast i toar-rekkjer, trear-rekkjer og firar-rekkjer (med tilbakelegging).
Tal på kombinasjonar: med toar-rekkjer: 162  (=16x16), med trear-rekkjer163 (=16x16x16) og med firar-rekkjer: 16(=16x16x16x16)
Totalt tal på kombinasjonar: 162+163+164= 69.888.

×