Earth Hour: Statsbygg sløkkjer lyset

Publisert 18.03.2016

For åttande gongen støttar Statsbygg klimakampanjen Earth Hour og oppfordrar alle leigetakarar og tilsette til å sløkkje lyset i éin time laurdag 19. mars frå klokka 20.30. Statsbygg har delteke i Earth Hour heilt frå starten i 2009.

I år skal Statsbygg sløkkje lyset i nesten 30 bygningar og eigedommar rundt om i landet.

Av eigedommar som skal mørkleggjast, er det fleire kjende, som Framsenteret i Tromsø, Stiftsgården i Trondheim, Justibygget i Kristiansand, Bergenhus, Universitetet i Stavanger og Operaen og Nobel Fredssenter i Oslo, for å nemne nokre. I tillegg skal G-blokka i Regjeringskvartalet, der finansdepartementet held til, mørkleggjast.

Her sløkkjer vi lyset

  • Statsarkivet i Tromsø
  • Tinghuset i Tromsø
  • Nofima
  • Statens Hus Vadsø
  • Framsenteret i Tromsø
  • Trondheim tinghus
  • Stiftsgården
  • Bergen tinghus
  • Gulating lagmannsrett
  • Eikelund
  • Gamlehaugen i Bergen
  • Bergenhus
  • Universitetet i Stavanger
  • Høgskolen i Bergen, Kronstad
  • Justisbygget i Kristiansand
  • HSN Bakkenteigen
  • Tollboden i Porsgrunn
  • Oslo tinghus
  • Nobels fredssenter
  • Justervesenet
  • Eidsvollsbygningen
  • Operaen
  • Regjeringskvartalet G-blokka
  • Villa Grande

Kontakt

×