Fest for nytt reiselivsmuseum

Publisert 29.04.2016

Det einaste reiselivsmuseet i Norden har fått nye lokale. Fredag 29. april var det opningsfest i Balestrand.

Det nye reiselivsmuseet ligg midt i idylliske Balestrand og er saga inn i ein fjellknaus. No har Statsbygg overlevert praktbygget til Musea i Sogn og Fjordane og Norsk Reiselivsmuseum.

Einaste i Norden

Reiselivsmuseet er det einaste av sitt slag i Norden og blei etablert i 1986. Fram til no har museet hatt utstillingsareal i fleire hus langs kaien i Balestrand, men no har dei fått nye lokale, tilpassa formålet. Dei eksponerte fjellveggane i granittisk gneis er i seg sjølve ein attraksjon, kopla til opplevinga av norsk natur. Heilt frå 1800-talet og fram til i dag har naturen vore av dei viktigaste grunnane til at turistar vel Noreg som reisemål. Derfor har Norsk Reiselivsmuseum ønskt å bruke fjellet på tomta – og no i bygget – i formidlingsarbeidet sitt.

Å sage i stein

Det har vore ein utfordrande jobb å sage i stein, mellom anna fordi veggskivene blir ustabile. Det var derfor viktig å etablere ei sikker og gjennomførleg løysing som sørgde for stabilitet både i gjennomføringsfasen og permanent etter at bygget stod ferdig. Måten bygget er utforma på, er unik, og byggjemetoden har vore krevjande, sidan mykje av han ikkje har vore prøvd tidlegare i andre bygg.

På den offisielle opninga ønskte avdelingsdirektør for kulturbygg i Statsbygg, Geir Jensen, velkommen til den høgtidelege markeringa. Så overleverte regiondirektør i Statsbygg, Torbjørn Nævdal, nybygget til statssekretær Himanshu Gulati i Kulturdepartementet. Statssekretæren, som òg opna den nye utstillinga på museet, «Reiseliv i Norge», kunne deretter stille lokala til disposisjon for Norsk Reiselivsmuseum og Musea i Sogn og Fjordane.

Askim/Lantto Arkitekter har teikna det 1810 kvadratmeter store bygget, der Norsk Reiselivsmuseum har fått utstillingsareal, auditorium, magasin og kafé.

×