Frukostmøte: Lag ein god SHA-plan

Publisert 25.05.2016

Meld deg på fagleg frukost den 6. juni! Korleis kan norske byggjeplassar bli endå tryggare arbeidsplassar? Charteret for ei skadefri byggje- og anleggsnæring har utarbeidd ein konkret instruks for å få ned ulykkestala.

Formålet med denne rettleiinga er å generere meir handterlege planar for tryggleik, helse og arbeidsmiljø ute på byggje- og anleggsplassane. Denne rettleiinga skal auke bevisstheita om kva som er målet med ein SHA-plan, kva han skal innehalde, og kva slags informasjon som skal komme tydeleg fram. Målet er at byggherrane skal utarbeide gode SHA-planar som kan brukast av alle aktørane i utføringsfasen.

Program for dagen

8.00 Registrering og enkel frukost
8.30 Velkommen ved styreleiar Harald V. Nikolaisen
8.45 Presentasjon av rettleiinga for utarbeiding av SHA-plan
9.40 Diskusjon og spørsmål

For dei som ønskjer det, er det mogleg å bli igjen og halde fram diskusjonen.

Påmelding: Meld deg på via QuestBack

Oppmøte: Posthuset, Biskop Gunnerus' gate 14, 0185 Oslo. Vertskap er Jernbaneverket, ved Marie Halvorsen

Møtet varer frå 8.00 til 10.00. 

Kontakt

×