Juryen har starta arbeidet

Publisert 05.01.2016

I dag starta juryen for konkurransen om nytt vikingtidsmuseum arbeidet med å evaluere dei 111 innkomne forslaga.

Fristen for innlevering av forslag gjekk ut 2. desember. Alt materialet er nå klargjort for juryen som skal i gong med å evaluere dei 111 innleverte og anonyme konkurransebidraga. I dag starta dei arbeidet. Sjå jurysamansetninga.

Stor interesse

Besøksstatistikken for Statsbygg sine nettsider vitnar om stor interesse for konkurransen og prosjektet. Berre i desember månad blei desse sidene vist bortimot 40.000 gongear. Alt materiale er no tilgjengeleg, både bilete og plansjar frå alle deltakarane. 

Så no kan du prøve å settje deg i juryen sin stad og sjølv vurdere dei 111 forslaga til løysing.

Lykke til!

Juryen

Frå venstre: Strategi- og utviklingsdirektør Bjørne Grimsrud, Statsbygg (juryens leiar), sivilarkitekt MNAL Reiulf Ramstad, Oslo, landskapsarkitekt MNLA Anne Kristin Irgens, Bergen, seniorarkitekt Trine Faye-Lund, Universitetet i Oslo, Plan- og utredningsseksjonen, museumsdirektør Håkon Glørstad, Universitetet i Oslo, Kulturhistorisk museum, Sissel Gromholt (juryens sekretær), arkitekt SA Martin Videgård, Stockholm, seniorarkitekt Line Woxen, Statsbygg, prosjektsjef Anders Wethal, Statsbygg, Curator Gareth Williams, British Museum, London

Kontaktpersoner

Bilde til bruk for pressen

Konkurransejuryen i arbeid
×