Modulfengsel kan spare staten for 80 millionar

Publisert 30.09.2016

Norske fengsel har få plassar og dårleg standard. No skal Statsbygg byggje flunkande nye fengselsavdelingar på Ullersmo i Akershus og Eidsberg i Østfold ved hjelp av modular – ein byggjemåte som sparer både tid og pengar.

– Dette er heilt vanlege fengselsceller, seier administrerande direktør Harald Vaagaasar Nikolaisen i Statsbygg. – Den store forskjellen er at cellene blir produserte inne på ein fabrikk i staden for ute på byggjeplassen. Dette gjer at vi kan korte ned byggjeprosessen med opp til eit halvt år, i tillegg til å spare mellom 60 og 80 millionar kroner for begge fengsla til saman.

Byggjemetoden går ut på å byggje standardiserte modular, som kjem ferdige til byggjeplassen. I dette tilfellet består ein modul av ei ferdig fengselscelle med sove- og opphaldsrom og bad med dusj, servant og toalett.

Kan forkorte byggjeprosessen med eit halvt år

På byggjeplassen på Ullersmo står modulane fint innpakka i plast før dei blir pakka ut og heiste på plass.

– Første spadetaket var i mai, og allereie om seks månader skal 16 000 kvadratmeter bygg vere klart til overtaking av Kriminalomsorga, seier Nikolaisen mens eit modulelement sakte, men sikkert flyr over byggjeplassen på Ullersmo.

Det er mange fordelar med å byggje på denne måten, seier Nikolaisen:

  • Det gir lågare kostnad og raskare levering enn tradisjonelle fengselsbygg.
  • Modulbygga er permanente bygg, ikkje mellombelse.
  • Kortare riggetid gir reduserte kostnader.
  • Bygga blir svært miljøvennlege og held såkalla passivhus-standard.

Modulane utgjer ca. 60 % av det totale byggjeprosjektet. Resten av prosjektet blir bygd på vanleg måte.

Set standarden for framtidige fengsel

Fengsla Ullersmo og Eidsberg er dei første fengsla i Noreg til å ta i bruk denne byggjemetoden. Statsbygg har i samarbeid med Kriminalomsorga utarbeidd eit standardiseringsprosjekt for fengselsbygging, der målet har vore å redusere tida det tek å planleggje kva eit fengsel skal innehalde.

Det vil seie at framtidig bygging av fengsel sannsynlegvis held seg innanfor same tidsramma som pilotprosjekta på Eidsberg og Ullersmo. Standardiseringsprosjektet er eit konsept som er initiert av Kriminalomsorgsdirektoratet, som Statsbygg skal følgje også i framtidige utvidingar og nybygg i fengselssektoren.

Byggjeprosessen

Dei nye fengselsavdelingane ved Eidsberg og Ullersmo får ein førsteetasje som blir bygd etter tradisjonell metode. Der skal det vere eit inngangsparti og fellesfunksjonar som for eksempel skule og arbeidsdrift for dei innsette. Når dette er på plass, begynner monteringa av kontor og fengselsceller, som kjem i modular. Desse blir løfta opp og sette på ved hjelp av heisekran. Når alle modulane er på plass, blir fasadekledning og tak montert.

Sjå videoen frå Skanska:

Skanska er Statsbyggs entreprenør, og dei har mellom anna laga dei ferdige modulane som blir brukte i dette byggjeprosjektet.

Kontakt

Marianne Sømme
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 97662775
Send e-post
×