Senter for husdyrforsøk nominert til trebyggeripris
Publisert 25.02.2016
Senter for husdyrforsøk ved NMBU er eitt av tre bygg som kjempar om prisen Årets Trebyggeri 2015.
- Det er veldig hyggeleg å bli nominert til Årets Trebyggeri 2015, seier prosjektleiar Tor Olav Augestad i Statsbygg. Vi valde å byggje i tre hovudsakleg av omsyn til miljøet, men óg på bakgrunn av gode branneigenskapar, låge drifts- og vedlikehaldskostnadar og det visuelle uttrykket som tre gir.
Senter for husdyrforsøk, SHF er ein sentral arena for utdanning og forsking ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Anlegget er rasjonelt og miljøvenleg og har stort fokus på dyrevelferd.
Materialvalet til SHF samsvarar med Statsbyggs vedtak om å velje dei mest miljøvenlege materiala der det er mogleg utan urimlege kostnadar eller ulemper.
Det er bransjeorganisasjonane Treteknisk og TreFokus og Byggeindustrien/bygg.no som deler ut prisen i samarbeid. Kriteria som juryen legg vekt på er at bruken av tre skal vere innovativ og spanande, at prosjektet skal halde høg arkitektonisk kvalitet og samtidig vere effektivt i energi- og arealbruk. Prosjekta skal ha blitt bygget økonomisk og skal ha bidratt til kompetanseutvikling hos involverte aktørar og leverandørar.
Dei to andre nominerte prosjekta er Åsveien skole i Trondheim og boligblokken Treet i Bergen.
Fant du det du lette etter?
Årets Trebyggeri
Les meir om prisen som blir delt ut i samarbeid mellom bransjeorganisasjonane Treteknisk og TreFokus og Byggeindustrien/bygg.no.