Noregs lengste stafett

Publisert 29.01.2016

I dag starta ein ryggsekk på ei spesiell reise. Statsbygg feirar 200 år og markerer jubileet med ein stafett. Etappane går frå Svalbard til Kristiansand, og hundre statsbyggeigedommar blir besøkte undervegs. 

Stafettpinnen er ein ryggsekk som skal fraktast frå eigedom til eigedom av medarbeidarar i Statsbygg. Sekken skal mellom anna vere med på lunsj i Stiftsgården, ha ei natt i fyllearresten, fryse i ei fjellstove på Finnmarksvidda, fortollast i Junkerdalen og bli pleidd av sjukepleiarstudentar i Molde.

– Statsbygg driftar og forvaltar bygg med meining, seier administrerande direktør i Statsbygg Harald V. Nikolaisen. – Med stafetten ønskjer vi å vise mangfaldet i eigedommane våre: høgskolar, veg- og trafikkstasjonar, kongelege eigedommar, fengsel, museum, tollstader og ambassadar. Målet er å auke kunnskapen om funksjonen bygga våre har, og samtidig få innblikk i dei mange og varierte arbeidsoppgåvene medarbeidarane våre utfører.

Sekken skal fraktast frå eigedom til eigedom med mellom anna hundespann, blålys-eskorte, bubil, dresin, hest og kjerre, RIB, kajakk, fallskjerm og veteranbuss. I ryggsekken ligg det eit noregskart, ei sjølvistong (selfiestang) og ein GPS som viser ferda gjennom landet. Kvart stopp og kvar etappe blir foreviga på Instagram med emneknaggen #statsbyggstafetten.

Sysselmannen på Svalbard, Kjerstin Askholt, fekk gleda av å offisielt starte jubileumsstafetten 29. januar. I Longyearbyen inkluderte etappane eit besøk i Sysselmannsgarden, Svalbard forskingspark og Svalbard globale frøkvelv. Stafetten held fram på fastlandet og besøkjer Statsbygg sine eigedommar i Finnmark og Troms. Sekken blir overlevert frå Statsbygg nord til regionkontoret i Midt-Noreg på Svolvær politistasjon 19. februar. Då held stafetten fram i Nordland, trøndelagsfylka og Møre og Romsdal før han blir overlevert til Statsbygg vest i Ålesund fengsel 14. mars.

I løpet av våren skal jubileumsstafetten innom nærmare 100 statsbyggeigedommar. Stafetten blir avslutta på hovudkontoret til Statsbygg 17. juni. Då vil sekken ha tilbakelagt tusenvis av kilometer og hatt gleda av å vere på ryggen til fleire hundre statsbyggjarar.

×