Opning av Kaarstad-huset

Publisert 12.08.2016

Tysdag 16. august blir det offisiell opning av Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. 

Regiondirektør Kjetil Lehn, Statsbygg overleverer bygget til Høgskulen i Volda ved å gi den symbolske nøkkelen til rektor Johann Roppen.

Statsbygg har rehabilitert det ærverdige Kaarstad-huset frå 1922 ved Høgskulen i Volda. Bygningen har blant anna fått moderne ventilasjonsanlegg, nye radiatorar, brannsikring, ny belysning, nye himlingar og innvendige dører. Alle tekniske anlegg har fått moderne styring for å ta hand om komfort og ENØK-tiltak. For å vise interiøret frå tidlegare tider er enkelte eldre element er bevarte,  som til dømes to radiatorar frå 1922 og to trapperom.

Enkelte utvendige tiltak står att, mellom anna utskifting av ein del vindauge.

Statsbygg er forvaltar av Høgsklulen i Volda.       

 

Kontakt

Peter Moltke-Hansen
Prosjektleder
Mob. 99160368
Send e-post
Mirjana M. Rødningen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 48066674
Send e-post
×