Presseinvitasjon: Grunnsteinsnedlegging på Kunst- og designhøgskolen i Bergen

Publisert 13.04.2016

Fredag 15. april legg næringsminister Monica Mæland ned grunnsteinen for den nye Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Pressa er invitert til å vere med.

Den nye kunst- og designhøgskolen blir det første Snøhetta-bygget i Bergen.

I staden for objekt som årsmeldingar eller liknande som ofte blir lagde ned i grunnsteinar, vil Kunst- og designhøgskolen leggje ein spesiell FM-sendar i skrinet.

Sendaren er kopla til eit solcellepanel og sender morsesignal som oppgir lengde- og breiddegradar for grunnsteinen.
Sendaren blei laga av førsteamanuensis i form ved høgskolen, Charles Michalsen, i samband med ein konkurranse mellom dei fagleg tilsette. Signala vil òg bli tilgjengelege på den nye nettsida til KHiB.

Grunnsteinen er eit skrin i stål som i tillegg til sendaren inneheld eit sett av årets norske myntar, invitasjon og program for arrangementet, deltakarliste og arkitektteikningar av bygget.

Tid. Stad. Påmelding

Dato: Fredag 15. april
Tid: kl. 12.00-13.00
Stad: Kunst- og designhøgskolen i Bergen
Adresse: Møllendalsveien 61

Påmelding til Hanne Raunehaug

Kontaktpersoner

×