Reiselivsmuseet i Balestrand nominert til Statens byggeskikkpris

Publisert 01.04.2016

Museet er eitt av sju nominerte til heidersprisen som blir gitt til bygg som medverkar til å «heve, fornye og utvikle den allmenne byggeskikken». 

Museet er teikna av Askim og Lantto arkitekter og har offisiell opning 29. april i år. Statsbygg var byggherre for prosjektet.

Bygget er skore inn i fjellet, for på den måten å skape ein særeigen attraksjon kopla til opplevinga av norsk natur. Dei berande veggene i museet består av frittståande fjellskiver, som er synlege i publikums- og utstillingsareala.

Dei andre nominerte bygga er einebustad Bøe/Møller på Stabekk i Bærum, Furulundsveien fleirfamiliehus i Oslo, Holmegenes boligområde i Stavanger, Gullhella omsorgsboliger i Asker, Ulsmåg skole i Bergen og Våler kirke i Våler i Hedmark.

I april reiser juryen til Byggeskikkprisen på synfaring til dei nominerte bygga. Prisutdelinga går føre seg i Oslo 14. juni.

Les meir om Byggeskikkprisen

Via husbanken.no

Les meir om Reiselivsmuseet i Balestrand

Les meir i Åpent rom nr. 2. 2015

Nils Øyvind Bø
Prosjektleder
Mob. 970 50 700
Send e-post
Marianne Sømme
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 97662775
Send e-post
×