Reiselivsmuseet nominert til Betongtavlen

Publisert 13.10.2016

Utmerkinga blir gitt til bygg eller anlegg som bruker betong på ein miljømessig, estetisk og teknisk framifrå måte, og blir delt ut av Norske arkitekters landsforbund, Norsk betongforening og bransjeorganisasjonen Tekna.

Norsk reiselivsmuseum i Balestrand blei teikna av Askim og Lantto arkitekter og er skore inn i fjellet for å fysisk koplast til naturen. Museet blei opna for publikum i april i år.

– Det er stor stas å bli nominert til denne prisen, og vi er veldig stolte av dette eineståande bygget, seier prosjektleiar Nils Øyvind Bø i Statsbygg.

Det er sju andre nominerte til prisen, mellom andre Stabekk stasjon, Tresfjordbrua i Møre og Romsdal og Knapphullet hytte i Sandefjord.

Betongtavlen er ein tradisjonsrik pris, som blei delt ut første gongen i 1961. Sidan det har 58 bygg og anlegg fått denne prisen.

Kontakt

Nils Øyvind Bø
Prosjektleder
Mob. 970 50 700
Send e-post

Last ned

×