Rekordhøgt investeringsnivå
Publisert 09.03.2016
Statsbygg har investert for fem milliardar kroner i 2015. Det framgår av årsrapporten som no er lagt fram.
– Etter å ha lege på eit investeringsnivå på mellom tre og fire milliardar kroner i perioden 2011 til 2014, har Statsbygg i 2015 investert langt meir enn vanleg, seier administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.
– Vi gler oss over å ha kome i gong med så mange flotte og samfunnsnyttige bygg. Kapasitetsmessig er dette ei spanande utfordring for oss, samstundes som det gir store moglegheiter for andre aktørar i byggjebransjen.
Investeringsnivået ligg såpass høgt på grunn av dei mange omfattande byggjeprosjekta som har kome i gong. Dette er storprosjekt som mellom anna Prosjekt Nytt Nasjonalmuseum på Vestbanen, samlokaliseringsprosjektet for Noregs miljø- og biovitenskaplege universitet på Campus Ås og livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo.
Men rekorden kjem ikkje til å stå særleg lenge. Dei nemnde prosjekta vil investere enda meir i 2016. Forventa investeringsnivå vil liggje over seks milliardar neste år.
Fant du det du lette etter?
Årsrapport 2015
Meir om byggjeprosjekt, eigedommar og andre nøkkeltal, finn du på sida
der du óg kan lasta ned og lese Statsbyggs årsrapport til departementet.