Skal leie arbeid for skadefrie arbeidsplassar

Publisert 14.06.2016

Gruppa som jobbar for at alle innan bygg og anlegg skal komme trygt heim frå jobb, får ny leiar. 

Kari Sandberg tek over som leiar av styringsgruppa i charteret for ei skadefri byggje- og anleggsnæring, etter Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg. Sandberg er administrerande direktør i Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA).

– Eg gler meg til å ta fatt på leiinga av dette arbeidet, men det betyr lite viss ikkje alle er med og løfter og målber den same bodskapen. Først då vil vi ha moglegheit for å lykkast, seier Sandberg.

Risikoutsett

Det er ei av dei mest risikoutsette næringane i Noreg. I fjor døydde ti menneske på byggje- og anleggsplassar. Rundt 100 får varige mein som følgje av skade, og om lag 8000 har skaderelatert fråvær.

Derfor forpliktar bransjen, styresmaktene og fagrørsla seg til ein visjon om null ulykker i charteret som blei signert for to år sidan.

Statsbygg-sjef Harald V. Nikolaisen, som var første leiar av styringsgruppa for charteret, seier at tryggare byggje- og anleggsplassar er sett på dagsordenen. – Viktige tiltak er sette i gang, som langt betre rapportering og oppfølging når nokon blir skadde på arbeidsplassen. Vi når ikkje nullvisjonen utan å ta lærdom av det som allereie har gått gale, seier Nikolaisen.

Skjerpa innsats

I tillegg blir eigne rettleiingar no utarbeidde for å redusere ulykkesrisikoen på arbeidsplassane. Entreprenørane har forplikta seg til å skjerpe innsatsen for å skape ryddige byggjeplassar og å ha verneutstyr tilgjengeleg.

– Dette er berre starten, og målet er at alle skal komme trygt heim frå jobb, seier han.

Nikolaisen held fram i styringsgruppa og arbeidet med ei skadefri byggje- og anleggsnæring, men gir altså «leiartrøya» frå seg.

Nøkkelrolle

– Eg er glad for at Kari Sandberg, som er ei av dei dyktigaste i bransjen, seier ja til å leie arbeidet vidare. Dessutan representerer ho entreprenørane, som får ei nøkkelrolle framover for å nå visjonen om null ulykker, seier Nikolaisen.

Som sjef for EBA representerer ho 232 entreprenørbedrifter med 26 000 tilsette. Tidlegare har ho hatt leiarstillingar i Trygg Trafikk, LO og NSB.

Viktig fase

– Det vidare arbeidet i styringsgruppa går inn i ein viktig fase, der resultata av arbeidet vi har gjort, skal bli meir synleg og få effekt. Derfor blir det avgjerande at alle partar held fram med å prioritere tiltak for å gjere alle byggje- og anleggsplassar trygge, seier Sandberg.

Harald Vaagaasar Nikolaisen
Administrerende direktør
Mob. 91370521
Send e-post
×